STORFEST PÅ LJOSVANG NERÅS
Opningsfesten på Ljosvang 1/11-08
video trykk på Video
I SUNNMØRSPOSTEN 28/10-08 PDF
Snu Nordvest 12-14/12-08.
PÅ Ljosvang Nerås
12-14/12-08 Pdf
En stor takk , til de som deltok på 17 Mai feiringa i nytt hus .
![]()

Det gamle forsamlingshuset er nesten ikkje til å
kjenne igjen. Arealet er blitt utvida med 60 prosent. Festsalen er blitt
større, sanitæranlegg og tekniske anlegg er oppgradert, utanfrå ser bygget
heilt nytt ut.
Folketoget på Nerås og Øverås var tidleg ute. Klokka 11 starta det opp til
fengjande musikk av Tomrefjord skulekorps. Sol og grøne marker skapte ei
vakker ramme.
Forsamlingshus.
![]()
Toget gjekk til Ljosvang, der dei spela nasjonalsongen. Der var det både
bygdefolk og utflyttarar som hadde tatt turen heim for å feire dagen. Alle
var imponert over det nye forsamlingshuset.
– Vi starta prosessen i 2000. I 2001 søkte vi fylket om tilskot, tilsegna
kom i 2007. Den 25. juni i fjor starta arbeidet, no ser vi resultatet. Det
har kome mange positive tilbakemeldingar, smiler Geir Sandnes, leiar i
ungdomslaget Frihug. Prislappen for oppgradering og utviding av huset kjem
på 2,7 millionar kroner.
Dette var første gongen det nye huset vart brukt til offentleg arrangement;
med folkefest om dagen og dans på kvelden. Den offisielle innviingsfesten
blir til hausten.
DANSEN MED BRITANNIA 17/05-08-
Ein takk til tro faste vakter på Ljosvang Tatt frå dansegolvet
Tatt frå dansegolvet Tatt fremme ved sena
Tatt frå bakre del av salen Ein Kjekk kar som har hatt betongarbeidet på Ljosvang